Eg vil ynskja ei signa høgtid og takka for dette året til elevar, tilsette, foreldrar og alle gjester på nettsida vår. Det gjer eg med eit lite vers eg har funne på, inspirert av vinterveret dei siste dagane:
«Sjå for eit vinterver det vart,
og øya tykkjest tom for liv
med landet kvitt og havet svart;
eit kjempe-landskapsnegativ!»
God jul til alle, og alt godt i det nye året!