HANDSKRIFT

Det er allereie fleire år sidan foreldra ved skulen tok opp på eit foreldremøte at dei tykte vi la for lite vekt på å utvikla handskrifta til elevane. Når det no blir teke opp forsiktig på butikken og ein av heimane har gjeve meg og kontaktleiaren ei fyllepenn kvar til jul, har vi teke hintet…. Les rektor sin rapport om formskriftopplæring i skulen.

Kanskje fleire kjenner seg att: Norskfaget er fylt av tverrfaglege krav, og alt tek meir tid enn vi trur. Vi har materiell til skriftforming og set av timar til å arbeida med det. Men når vi ikkje fylgjer opp med eintydige krav til at vi skal sjå endring i handskrifta til elevane over tid, og eit tidspunkt då arbeidsbøkene skal førast med samanhengande skrift og små bokstavar, er det sume av elevane som blir hengande att i det vant og trygge – og trebokstavane lever altfor lenge.

Mykje av lesinga og skrivinga til elevane er no trykt og produsert digitalt. Tida ein bruker til å lesa og skriva handskrift blir mindre, og ein får ikkje nok øving i det til å bli sikker. Mang ein gong har eg fått tilbakemelding frå elevar langt oppe i klassane som har sagt at dei ikkje forstår det om eg skriv kommentarar med handskrift i arbeidsbøkene og innleveringane deira.

Det må dei altså finna seg i at eg held fram med! Sjølv i den digitale tidsalderen er det plass for eit rom for personleg handskrift. Den personlege helsinga, dei raske notata, beskjeden på bordet, biletteksten i albumet; – dei blir ikkje det same utan handskrifta.

Eg har møtt folk som har meint alvorleg at pc-en har teke over for handskrifta for godt, og at det ikkje svarer seg å bruka tid på skulen til å trena formskrift lenger. Det trur eg ikkje stemmer. Dei same folka vil nok vegra seg for å tilsetta folk som sender ein søknad der dei skriv under med trebokstavar, eller skriv beskjedar med uryddig og barnslig skrift. Det ligg djupt i kulturen vår å vurdera etter handskrifta om folk er ryddige eller rotete, djerve eller forsiktige, eller giddalause. Difor gjer vi elevane våre ein teneste når vi hjelper dei fram til ei handskrift som skal vera leseleg, ryddig og effektiv. På vegen dit må vi ta visse omsyn. Handskrift krev finmotorikk, og ikkje alle utviklar det i same takt. Særleg gutar kan av og til vera seine med å få kontroll over dei småe krusedullane. Den tida får vi ta.

No i vinter har vi hatt skriftformingsøving kvar veke for heile elevgjengen. Dei får velja sjølve om dei vil utvikla stavskrift eller løkkeskrift når dei skriv samanhengande. Fleire elevar er no der at dei går over frå trebokstavar eller vekslande skrift til ein eigen stil med samanhengande småskriftbokstavar.

Målet på skulen frå no av er at ingen elevar skal gå ut av småsteget i fjerde klasse utan å skriva ei godtakbar handskrift i bøkene sine til kvardags, om dei ikkje har særskilde hemningar som gjer at ein må vurdera det annleis for den enkelte.

Eg håper det kan roa dei ottefulle – og gjera sume ting enklare for elevane.

Om Line

Line Brendberg er virksomhetsleder ved skolen.
Dette innlegget ble publisert i Informasjon, Norsk. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *