6. februar er Samefolkets dag, og vi vil ynskja alle som kjenner seg knytt til markeringa hjarteleg til lukke med dagen! Her skriv eg litt om kva dag dette er, og korfor vi markerer han på Sørburøya.
To av elevane på skulen har opplæring i sørsamisk via fjernundervisning, og to av lærarane er foreldra deira. Difor nyttar vi som regel høvet til å leggja inn litt av det som står i læreplanane om samisk tradisjon ikring Samefolkets dag. Det har vi gjort i år også. Vi har lært om at samane finnest i Noreg, Sverige, Finland og Russland, og at Samefolkets dag blir feira i alle desse landa. Elles har vi lært om samisk handtverk, historie, flagget, Sametinget, ulike samiske språk og den gamle naturreligionen til dei samiske folka. Det har vore eit interessant tverrfagleg opplegg.
Samefolkets dag har vore feira sidan 1993, etter å ha vorte vedteke i 1992. I 1993 var det FNs urbefolkningsår, og det vart starta med eit arrangement i Karasjok, der vi har Sametinget vårt.
Grunnen til at 6. februar er vald som dato for feiringa, er at det fyrste samiske landsmøtet i Noreg vart halde på denne datoen i Trondheim i 1917. Det var startskotet for at nord- og sørsamar byrja diskutera felles saker og planleggja saman korleis dei skulle få gjennomslag for synet sitt i saker som vedkjem folket særskild.
Til lukke med dagen, alle som feirar dagen som sin, og alle som gler seg med oss over samisk kultur er vorten synleg i samfunnet elles!