SINNE OG KOMMUNIKASJON

Vi arbeider også med ein sosial læreplan på skulen, ein som dreier som om å gjera oss sjølve dyktige på dei generelle måla for skulen, og ikkje berre dei fagspesifikke.

Akkurat no har vi fokus på korleis vi snakkar til kvarandre, og korleis vi meistrar sinne.

Her skriv rektor litt meir om korleis vi arbeider.

Kommunikasjon:

Vi har snakka om korfor det er så lett å plumpa ut med ting som kan såra andre, anten av gamal vane eller fordi vi har sterke kjensler akkurat då. Det vi ynskjer å oppnå er at alle skjøner at vi seier ting med alt det vi gjer, at det kan bli oppfatta annleis av andre enn det vi tenkte sjølve, og at vi lærer oss å setja grenser for oss sjølve og andre på ein måte som følest grei.

Undervegs har vi dramatisert situasjonar, prøvd ut ulike måtar å seia den same tingen på, og funne ut kva vi ikkje tykkjer er godtakbar måte å snakka saman på. Vi vil ikkje ha sure kommentarar, baksnakking, digital sladder, skuldingar vi ikkje kan svara på, stadig påminning om gamle ting som burde vore gløymde, eller avvisande kroppsspråk og handling.

Til slutt prøvde vi å kna det saman  i to enkle hugsereglar som vi synest kanskje tek opp i seg alt:

” Vi snakker høflig til hverandre” og ”Vi snakker pent om andre”

Reglane er skrivne på gule små plakatar på tavla. Vi er samde om at ein grei måte å seia frå til kvarandre om brot på reglane er til dømes: ”Hugs dei gule lappane”, ”Hugs reglane våre” eller

”Hugs vi skal snakka pent om dei som ikkje er her.”

Vi har øvd oss på korleis vi kan avslutta noko som utviklar seg negativt på ein måte som gjer at vi kan halda fram å vera vener, utan at nokon blir sure. Det tykkjer eg elevane var kjempeflinke til å finna ut av! Eg har også høyrt at det har vorte gjort etterpå i verkelege situasjonar, av og til med ønska resultat.

Sinne og sinnemeistring:

Vi har sett på bilete, snakka om tenkte situasjonar og brukt materiell frå opplegget ”Steg for steg” for å finna ut kva som gjer oss sinte, korleis det kjennest, korleis vi ser at andre er sinte, og kva vi ikkje må gjera i fullt sinne.

Opplegget føreslær teknikkar for å roa ned før ein gjer og seier noko, og ulike alternativ  til korleis ein kan få gjort noko med det ein vart sint for etterpå.

Her kjenner vi også att typiske situasjonar, og har mange gode framlegg!

Det er viktig for meg å få sagt at det er lov å bli sint, og at vi av og til har gode grunnar til å bli skikkeleg sinte. Det som er viktig er at vi får gjort noko som verkar godt for å løysa problemet etterpå, når vi tenkjer klårt igjen. Og vi må setja nokre absolutte grenser for kva vi ikkje får lov til å gjera om vi er aldri så sinte: ikkje slå, truga eller øydeleggja.

I ein sint situasjon kan vi der og då:

– pusta djupt inn og ut nokre gonger

– telja inni oss

– tenkja ” no er eg rolegare”

– ta ein pause, trekkja oss ut av situasjonen som held på å bli amper

Når sinnet har lagt seg kan vi:

–         finna ut kva dei andre meinte med det dei sa/gjorde

–         føreslå løysingar

–         ta kontakt med ein vaksen dersom vi treng hjelp til å løysa opp i konflikten,

og når vi har mistanke om at nokon blir utsett for mobbing

Neste gong vi arbeider med sosial læring, skal vi snakka om kva mobbing er, og kva vi gjer når vi trur nokon blir mobba.

Om Line

Line Brendberg er virksomhetsleder ved skolen.
Dette innlegget ble publisert i Informasjon, Skoleliv. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *