Sørburøy skule vil ynskja alle ei triveleg påske! Her er litt av det vi har gjort til påske.
10. april var det påskegudsteneste på øya med godt oppmøte og stoff til både glede og ettertanke. I samband med det vart det arrangert ei samling for ungane med songar til å syngja på og øva meir på om dei vil.
Takk til Wiebke prest og Magne organist for arbeidet med utval av songar til å starta med, entusiastisk framføring og god påskestemning! Det er fint når skulen og kyrkja kan samarbeida om eit slikt tiltak.
Skuleungane har vore kjempeflinke og baka til skulehistorisk kafè, og dei har hatt påskeverkstad der det har vore laga kyllingar og gipsfigurar, og påskeegg er dekorerte med fine motiv og decoupage-teknikk. Takk til vaksne og born for påskestemninga, og god ferie!