Korpset har fått uniformar!

Slik såg vi ut fyrste gongen vi kledde oss i uniformane alle saman

I slutten av mai var Sørburøy skulekorps på besøk til Strand skulekorps på Hitra. Der deltok vi på ei korpsøving, og fekk prøva og plukka ut mellom dei gamle uniformane som dei byter ut. Dette var ein alle tiders sjanse for oss til å få uniformar. Vi takkar Strand skulekorps hjarteleg for gåva! No står det berre att å sy om litt her og der og handla inn tilbehør som gjer uniformane til våre.

Om Line

Line Brendberg er virksomhetsleder ved skolen.
Dette innlegget ble publisert i Korpset, Skoleliv. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *