Loke set nye rekordar

På Sørburøy Skole har vi hatt eige damplokomotiv eit par år. No er damplokomotivet Loke på sporet igjen. Vi har funne feilen med smøringa som vi var plaga med, og lokomotivet går no fortare enn nokon gong før.  Det kan du sjå her:  loke2

Onsdag i førre veke sette lokomotivet ny rekord då det gjekk sytten og ein halv runde rundt minibyen. Det er om lag500 meterpå ein kjele. Den gamle rekorden var på fjorten rundar. Men Loke har enno meir å gå på: Vi smurte opp veiva og stempelstanga – og det gav endå meir fart. Diverre førte det også til fleire avsporingar – det er ikkje berre NSB som er plaga med skinnegangen. Med den farta Loke har no, greier han ikkje å halda seg på skinnegangen ein heil runde før vi har retta ut solslyng og dosert dei verste svingane. Som ei mellombels løysing skrudde vi igjen dampslusa litt og let ein del av dampen gå ut gjennom tryggleiksventilen.

Dette innlegget ble publisert i Informasjon. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *