Kven er det som har undervisning tre gonger i veka ved skulen, men som dei fleste ikkje ser? Jau, det er læraren i sørsamisk! I år er det Maria Steinfjell Kråik som har to elevar i sørsamisk som andrespråk hos oss, og sånn ser ho ut:
Maria bur i Trondheim, og har mange elevar for sameskulen i Midt-Noreg. Sigvart og Kaia har hatt ho som fjernundervisningslærar tidlegare, så ho er ikkje ukjend. Ho er kjempeflink til å bruka gode og varierte idear i undervisninga, og ta i bruk ikt på kreative måtar. Og så er ho veldig systematisk!
Undervisninga i samisk skjer over videokonferanse tysdag, torsdag og fredag, og så har elevane arbeid mellom timane.
I tillegg til språktimane har samiskelevane tilbod om vekesopphald på skulen i Hattfjelldal for å fordypa seg i samiske tema og bruka språket i ein sosial samanheng. Det blir arrangert seks gonger i skuleåret, men hos oss har vi brukt å leggja oss på eit tilbod på fire gonger i året. I veke 36 og 37 skal Kaia, og etterpå Sigvart, reisa på språkveke med tema «høst» – tjaktje.
Å ha sørsamisk skulespråk i grunnskulen er ein viktig innsats for språk og kultur. Berre ikring 100 elevar i heile Noreg har kvart år undervisning i eller på sørsamisk. Språket blir også brukt i Sverige.
Vi ynskjer lærarar og elevar ved sameskulen eit godt nytt skuleår: burie skovle-jaepien!