Stevnestøtte frå Salmarfondet

I dag er det kjent at Sørburøy skulekorps har fått 10.000,- i støtte frå Salmarfondet for å kunna reisa på korpsstevne i Åfjord på forsumaren neste år.  Vi er veldig glade for summen, som gjer det mogleg for oss å reisa og treffa mange andre musikantar.

Dette kjem omtrent på same tid som vi har fått brev frå Instrumentfondet om at vi får støtte til å kjøpa eigne instrument til fleire av musikarane våre som no låner instrument. Ny trombone og trompet er allereie på tur utover! Dermed har vi mykje å gle oss til i tida frametter. Vi har alt byrja øva på julerepertoar, og håper å få sjansen til å syna kva vi kan ulike stader i nærmiljøet i adventstida. Det er veldig artig å få så mykje på gang i eit korps der dei eldste musikantane er berre 13 år (om vi ser bort frå lærarane).

Om Line

Line Brendberg er virksomhetsleder ved skolen.
Dette innlegget ble publisert i Informasjon, Korpset. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *