God jul!

Vi går fort mot siste skuledag før jul, som blir ei intern avslutning med utdeling av vurderingar og skrytemapper til elevane. Graut med mandel i og song rundt juletreet blir det og, i tillegg til nokre avsluttande aktivitetar. Offisiell juleavslutning hadde vi tysdag 18. desember med juletrefest open for heile bygda, med korpskonsert og framføringar av elevane. Det vart ein hyggeleg kveld med stort oppmøte! Fredag vil elevane i tillegg til det vanlege få utdelt ei spiralinnbunde diktbok som inneheld eit utval av alle elevane sine dikt frå perioden då vi arbeidde med det i norskfaget. Takk til alle for samarbeidet i haust, og retteleg god jul!

Om Line

Line Brendberg er virksomhetsleder ved skolen.
Dette innlegget ble publisert i Informasjon. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *