Som mange vil vita, har vi hatt barnehage femten timar i veka sidan september for tre herlege born. Ellenore Aga har drive familiebarnehage i lokala til skulen tre dagar i veka. Her kan de sjå eit bilete frå ein vinterleg utflukt dei hadde på Nordøya, der gjenfrosne torvdammar var ein stor attraksjon for oppdaging og leik.
Etter påske har Lilly Gården byrja arbeida i barnehagen måndagar og tysdagar. Vi opprettheld opningstida i alle fall fram til sumaren med denne ordninga.
Det er eit fint tilbod for førskuleborna å få leika, snakka og læra i lag, og dei har hatt mange flotte opplevingar ute i naturen!