Nytt frå familiebarnehagen

Som mange vil vita, har vi hatt barnehage femten timar i veka sidan september for tre herlege born. Ellenore Aga har drive familiebarnehage i lokala til skulen tre dagar i veka. Her kan de sjå eit bilete frå ein vinterleg utflukt dei hadde på Nordøya, der gjenfrosne torvdammar var ein stor attraksjon for oppdaging og leik.

IMG_5394Etter påske har Lilly Gården byrja arbeida i barnehagen måndagar og tysdagar. Vi opprettheld opningstida i alle fall fram til sumaren med denne ordninga.

Det er eit fint tilbod for førskuleborna å få leika, snakka og læra i lag, og dei har hatt mange flotte opplevingar ute i naturen!

Om Line

Line Brendberg er virksomhetsleder ved skolen.
Dette innlegget ble publisert i Informasjon. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *