Ledig stilling for skoleåret 2015/2016

Sørburøy skule lyser ut 90% stilling for komande skuleår. Stillinga inneber undervisning i fleire fag i aldersblanda grupper.

Fagsamansetjinga kan i nokon grad tilpassast kompetansen til søkjarane, men vi ynskjer oss særleg kompetanse i praktisk-estetiske fag og språkfag. Vi kan tilby ein arbeidsplass med fokus på pedagogisk utvikling og tett oppfylgjing av elevane. Arbeidsdagane er varierte og inspirerande, og skulen har eit særs godt læringsmiljø der trivsel og læringstrykk går hand i hand. Vi treng ein faglært lærar som kan samarbeida tett med dei andre tilsette, og har engasjement for å læra elevane grunnleggjande dugleikar tilliks med andre finurlege ting ein kan ha med seg i livet! Personen vi ser etter er allsidig og idèrik, og liker å gje av seg sjølv i møte med elevane. Om ynskjeleg kan vi leggja timeplanen til rette for vekependling.

Ta kontakt med rektor Line Brendberg på line.brendberg@froya.kommune.no        eller tlf.  46 89 01 39

Om Line

Line Brendberg er virksomhetsleder ved skolen.
Dette innlegget ble publisert i Informasjon. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *