Kva er i krabbeteina?

Vi har ei fin gruppe av barneskuleelevar i år, og det er artig for dei å starta skuledagen med å få oversyn over korleis dagen blir, høyra forteljing om noko spennande, eller syngja på vekas song. Eit nytt element i skuledagen for dei er no å sjå i krabbeteina på skulen: Kva ligg der? Ei historie vi skal lesa? Ein ny song? Ein ting vi skal fortelja om? Utstyr til noko vi skal gjera? KrabbeteinaDen flotte mini-krabbeteina har detaljar akkurat slik dei skal vera, og er snekra til føremålet av tusenkunstnaren på øya, Georg Melkvik. Tusen takk!

Om Line

Line Brendberg er virksomhetsleder ved skolen.
Dette innlegget ble publisert i Informasjon. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *