Havmerden er komen til Froan

Slik ser det ut utanfor skulevindauga på Sørburøya no; den kolossale havmerden som Salmar skal bruka til lakseoppdrett på Frohavet er komen fram etter ei lang ferd frå Kina. Dei fleste på øya er involverte i det som skjer no når folkesetnaden på øya blir dobla i heile september. Arbeidarar frå Ocean Farming skal montera merden, og dei skal ha bustad og servering, transport og varer så lenge dei er her. På skulen kjem vi til å plukka opp det som skjer gjennom eit tverrfagleg tema i naturfag, samfunnsfag og utdanningsval, der vi skal fokusera på laks og oppdrett, næringsvegar og yrke på Frøya og Hitra, og kva yrke i privat og offentleg sektor forskarane trur det blir behov for kompetanse og arbeidskraft innanfor i framtida.IMG_6025

Om Line

Line Brendberg er virksomhetsleder ved skolen.
Dette innlegget ble publisert i Informasjon. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *