Nye fjes på skulen

Onsdag 11. mai var det mange på besøk, som kom for å helsa på skuleborna og kvarandre i samband med oppstart i nye roller og jobbar.

Velkomen til Janne Marøy, som blir lærar på skulen frå august! Vi jobbar med å setja saman eit team i tillegg til henne.

Marlen Sommer er helsesjukepleiar ved skulen, og eit fjes vi har møtt tidlegare i år ved fleire høve. Ho varslar at ho blir å sjå oftare i Froan frå neste år, og det er bra!

Heilt nye i rolla i forhold til oss er også Kine Ebbesen frå barnevernet, Nina Selvåg frå PPT og Ane Nagelhus, nytilsett kommunepsykolog.

Velkomne skal de vera som samtalepartnarar, innspelarar og portopnarar for elevar, foreldrar og tilsette som måtte ha noko på hjarta framover. Godt å ha heile teamet på plass!

Om Line

Line Brendberg er virksomhetsleder ved skolen.
Dette innlegget ble publisert i Informasjon. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *