Nynorskdagen 12. mai

Alle skular fått denne oppmodinga frå målorganisasjonane i samband med nynorskdagen, heng deg gjerne på!

Vil de bli med på nynorskdagen 12. mai? Noregs Mållag og Norsk Målungdom utfordrar alle i heile Noreg til å skrive nynorsk i morgon, også kommunane og skulane. Vi veit det er kort varsel, men kanskje finn de ein måte å markere dagen på der de er.

– Skriv nynorsk i sosiale medium (#nynorskdagen)

– Snakk om nynorsk, Ivar Aasen, og/eller jamstillingsvedtaket 12. mai 1885. – Les ein nynorsk tekst
– Prøv nynorskroboten til Nynodata: https://nynorskdata.no

Nynorsk er for alle, men er mindre brukt enn bokmål. Målet vårt er å vise at det ikkje er farleg å skrive nynorsk – og på nynorskdagen er det lov å prøve!

Sjå nettsida til Nynorsksenteret for gode undervisningsopplegg: https://nynorsksenteret.no/

Om Line

Line Brendberg er virksomhetsleder ved skolen.
Dette innlegget ble publisert i Informasjon. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *