Alle skular fått denne oppmodinga frå målorganisasjonane i samband med nynorskdagen, heng deg gjerne på!
Vil de bli med på nynorskdagen 12. mai? Noregs Mållag og
Norsk Målungdom utfordrar alle i heile Noreg til å skrive nynorsk i morgon,
også kommunane og skulane. Vi veit det er kort varsel, men kanskje finn de ein
måte å markere dagen på der de er.
– Skriv nynorsk i sosiale medium (#nynorskdagen)
– Snakk om nynorsk, Ivar Aasen, og/eller jamstillingsvedtaket 12. mai 1885.
– Les ein nynorsk tekst
– Prøv nynorskroboten til Nynodata: https://nynorskdata.no
Nynorsk er for alle, men er mindre brukt enn bokmål. Målet vårt er å vise at
det ikkje er farleg å skrive nynorsk – og på nynorskdagen er det lov å prøve!
Sjå nettsida til Nynorsksenteret for gode undervisningsopplegg: https://nynorsksenteret.no/