Denne avskjeden med Sørburøy skulekorps er skrive av Hans Olav Brendberg.
Det finst mange slags fuglar. André Bjerke skreiv om ein fugl som heitte «Pindia-pampistiko-pampibanon». Den er «av farge mørkegul, og er en svært bedrøvet fugl.» Kvifor var Pindia Pampistiko Pampipanon so trist? Han sørga «som en fanget prins/ fordi den slettes ikke fins».
Diktet til Bjerke enda godt likevel:
«Og kan vi ikke si, da mon,
at vi har laget Pindia-
pampistiko-pampibanon?
Så får den sove godt i kveld
fordi den fins allikevel!»
Så det gjorde vi – og Sørburøy Skolekorps har i litt over 16 år vore ein slik songfugl som har kunna sove godt – avdi han ikkje berre finst, han har hekka og trivdest her på øyane lengst vest i Trøndelag. Han har slege ut dei musikalske vengene sine, og henta heider og ære heim til reiret her ute.
Denne månaden syng denne fuglen sin svanesong – etter over 16 år blir han igjen heimlaus, og minst like bedrøva som Pindia Pampistiko Pampibanon. 11. juni held han sin siste konsert – i Lillehammer, på korpsfestivalen til Søre Ål. Etter det flyg han ut i dei evige rømdene.
Men kanskje finst det – ein stad der ute – ei lita øy og ein skule, med ungar som er klare til å læra seg noter og til å pussa messinginstrument. Der han kan slå seg ned, og igjen breida dei musikalske vengene sine. Veit du av ei slik øy, så ikkje nøl.
Det er ein svært vakker fugl.