Etter systematisk arbeid med berekraftig utvikling i skuleåret som var er vi vortne sertifiserte som Grønt Flagg-skule. Sjølve flagget kjem straks i posten. Gratulerer!
For å bli godkjent må skulen ha eit miljøråd, som for oss er samarbeidsutvalet, temaundervisning om miljø som grip inn i fleire fag, og som engasjerer elevane, lærarane og foreldra til læring og praktisk innsats. Eit eige prosjekt med ulike tiltak som ein rapporterer på skal gjennomførast kvart skuleår for at skulen får halda på sertifiseringa si.
Takk for innsatsen med å koma så langt, alle saman! I den nye læreplana er berekraftig utvikling eitt av dei tre hovudtemaa som skal vera styrande for opplæringa på tvers av fag. Det er flott at vi har funne eit verkty som kan hjelpa oss å hugsa dette i kvardagen.
Tema for neste prosjekt er vald ut til å vera «Energi». Eg skal vera med på å bidra til gjennomføringa av det. Lukke til!